Linda Gytri gjev ut sitt andre album Audire i dag. Denne gongen har trekkspelarinna frå Oldedalen samla toppmusikarar frå Finland og Norge til ein splitter ny trio.

- Det skal bli spennande og godt å få ut albumet, seier Linda Gytri til Fjordingen.

Medmusikarane på plata er den finske pianolegenda Timo Alakotila (JPP, Maria Kalaniemi Ensemble) og superbassisten Anders Bitustøyl  (Sigrid Moldestad Band, Morten Abel Band).

- Det er ein herleg luksus å få med Timo og Anders. Dei fargelegg og krydrar musikken, og løftar låtane til eit landskap eg ikkje kunne funne åleine. Vi har lytta oss fram til vår felles tone, seier Linda Gytri.

Musikarane i Linda Gytri Trio har solid forankring i ulike sjangrar kvar for seg: nordisk folkemusikk, pop, reggae og finsk tango. Saman møtest dei i Gytri sine folkemusikalske nye låtar.

Leikande, drøymande og med intens musikalsk kraft fortel musikken deira blant anna om ei smilande Svarvesol, ein Tuk Tuk i indisk kaostrafikk og det vakre ved å ligge under ein vestlandsk Apal og berre kvile, fortel Gytri om albumet.