Då humordronninga Elsa Lystad (84) gjesta Stryn med Mitt liv som Elsa denne veka, kom ho til sine eigne. Elsa budde i Stryn i barndommen, og deler av forestillinga var også krydra med barndomsminne og miljøskildringar frå bygda, til stor glede for publikum i salen. Etter ståande applaus for ei strålande forestilling med humor, ironi og gjøgleri ispedd innslag med gripande vemod, var det mange som fann vegen til skodespelarfoajeen for å helse på.

Kari Vik (fødd Raudi), var ei av dei som vart møtt med opne armar av skodespelaren bak scena.

- Vi var barndomsvener, og var i lag i Bruagrenda då ho budde her under krigen. Vi leika mykje i lag, hoppa i høyet og slikt. Ho var ei veldig grei jente å vere i lag med, gjorde aldri forskjel på nokon. Eg husar eg sa at ho kom til å bli skodespelar! seier Kari Vik, som ler godt av kommentaren frå Elsa Lystad då ho fekk auge på henne då dei skulle møtest på dagen før forestillinga i Stryn:

- Nei men go'dajen, e'kje det hon Kari Raudi...! sa ho, på skikkeleg stryning. Ho tok veldig snart dialekta då ho budde her, seier Kari.

Bak scena kom også mellom andre Steinar og Ole Anton Brekke. Mora deira, Wilma, var god venninne av Elsa og vart nemnt spesielt i forestillinga. Steinar hadde med seg boka om Bruagrenda, der Elsa Lystad budde i oppveksten, og Ole Anton si dotter Lea Maria kom med blomster. Ho likna svært på bestemora slik ho såg ut i oppveksten, meinte skodespelaren.

- Mor og Elsa var fødde i same året, og var naboar dei åra Elsa budde i Stryn. Mor mi og dei var åtte søsken,det var trangt om det meste, men det var likevel rom til tre tilrundt bordet. Dei var gode venninner i oppveksten, og heldt kontakt også etter atdei vart vaksne, seier Ole Anton Brekke. Då Wilma Brekke fekk HM Kongensfortjenestemedalje, var Elsa med og feira på Grand Hotel.

Skodespelaren nytta opphaldet i Stryn godt, og eit besøk i barndomsheimen på Årheim stod mellom anna på planen. Og ho kjem gjerne igjen for å stå på scena her:

– Vi kan godt kome tilbake til Stryn, det ville ha vore kjempehyggeleg, seier Elsa Lystad i eit lenger intervju i dagens Fjordingen.

Kari Vik og Elsa Lystad hadde mange gode barndomsminne å snakke om. Foto: Anders Magne Vik