Skiskyttaren Ingrid Gausemel frå Hornindal IL/Team Statkraft Nordfjord, som i går slo til med "best når det gjelder" og tok sin første pallplass på nasjonalt nivå med ei sølvmedalje i junior-NM, vil no satse endå hardare på idretten sin.

- Korleis var sølvløpet? Hadde du ein plan for korleis du skulle legge opp løpet?

- Nei, egg tenkte eigentleg berre å gjere mitt beste, helst innanfor topp 10-15. Ikkje gå for hardt ut på dei første rundane, for å sleppe å gå på en smell for tidlig.

- Korleis var løypene?

- Løypene var ikkje så veldig krevjande, mykje dobbel- og enkeldansterreng med eit par bratte bakkar, som du fort gjekk deg stiv i.

- Full klaff på standplass?

- Nei det vart fire bom fordelt på dei to ståande skytingane, med tre på 1.ståande og ein på siste. Mykje vind og litt krevjande forhold, men eg prøvde å kontrollere skudda, særlig på siste skytinga når eg visste eg låg bra an.

- Dette er eit stort steg i høve til det du har gjort tidlegare i sesongen?

- Ja, mi beste plassering i  Norgescupen i år ligg rundt ein 15.plass, og eg har slitt mykje med skytinga, så dette var definitvt det sterkaste løpet eg har gjort nokon gong.

- Kva tenkjer du no om neste års sesong, blir du inspirert til å satse endå hardare?

- Ja, sjølvsagt blir eg inspirert. Til neste år blir det vidare satsing på vgs med skiskyting toppidrett. Og så blir det ellers å prøve å få ein god treningsperiode før sesongstart, slik at eg kan vere med å kjempe blant topp 10-15 frå byrjinga av i neste sesong.