Indre Nordfjord kan no også notere seg for ein løpar i norgestoppen i kombinert.

Eskil Solheim Kveen vart i går nummer 6  i Hovudlandsrennet i kominert for gutar 15 år, etter eit svært solid hopprenn og eit godt langrenn. Ludvik Braathen Øvrevoll frå Hosle IL AK.

- Hopprennet gjekk over all forventning, seier Eskil til Fjordingen, etter å ha hoppa 56,5 og 55 m i K56-60-bakken i Hovudlandsrennet.

- Langrennet gjekk også bra. Men eg hadde litt influensa i kroppen, så eg kunne ikkje gå alt eg hadde. Så eg er godt nøgd, seier kombinertløparen, som også deltek i spesialhopprennet. I kombinert representerer han Markane IL, medan han representerer Veten IL i hopp.

Han skal også delta i skicross under Hovudlandsrennet.

- Same som skicross vi ser på TV?

- Ikkje heilt. Vi går opp sjølve, og så køyrer vi svingar og små hopp ned igjen, seier kombinert- og hopphåpet frå Stryn.