Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og Svein Sunde frå selskapet Gode Vegar AS fekk fredag eit møte med statssekretær Bård Hoksrud i Samferdsledepartementet.

- Dette er eit møte vi har arbeidd for ei stund. Frank Willy Djuvik, FrP, har også vore med på å få dette i stand. Han skulle også vore med på møtet, men det kolliderte med fylkesårsmøtet i Framstegspartiet. Så han kunne ikkje vere med til departementet, men han har vore ein pådrivar i arbeidet med å få det til, seier Bjørn Lødemel. - Kva var føremålet med møtet?- Det er ei oppfølgjing av vedtaket om indre linje for E39, eit møte for å snakke om framdriftsplanen for planarbeidet. Departementet har vore positive til prosjektet, men det har ikkje vore fastsett nokon framdriftsplan, seier Bjørn Lødemel. - Kva ønskjer de å oppnå?- Vi ønskjer å få fortang i arbeidet med planprosessen så alt kan vere ferdig og godkjent i 2015, slik at vi kan kome vidare på kommunedelplanarbeidet og vere i posisjon til NTP (Nasjonal Transportplan) skal reviderast i 2017.

Også Svein Sunde, dagleg leiar i Gode Vegar AS, var med på møtet. Han seier det er uhyre viktig å få i gang planprosessen.- Dette med å få mølla i gang med forslag til planprogram er den enklaste biten i prosessen med å gjere eit prosjekt gryteklart. Men det er viktig å få denne aller første biten på plass, for at ein skal kome i gang og få prosjektet i posisjon.

Og det kan ta tid, seier Sunde: - Forslag til planprogram, første steg, skal ut på høyring i kommunane i seks veker, og det tek gjerne seks til åtte månadar frå varsla oppstart til kommunane har vedteke det.

Svein Sunde seier møtet også vart nytta til å påpeike at Statens vegvesen må tildelast nødvendige midlar til planleggingsarbeidet:- Dette vart notert av både statssekretæren og representantane frå Vegdirektoratet. Det blir ein viktig jobb framover å argumentere for planleggingsmidlar. Det er ikkje berre tunnelen gjennom Utvikfjellet og brua over fjorden som skal planleggast. Også E39-erstatninga for tunnelen gjennom Kjøsahammaren må opp på planleggingsbordet, seier Svein Sunde.

- Kva no?- No må vi berre følgje opp og sjå kva tid det blir oppstartsmøte mellom Statens vegvesen og kommunane, seier Svein Sunde, som rosar dei to politikarane som fekk i stand møtet med departementet: - Det er godt å registrere at ein har lokale representantar frå regjeringspartia som står på inn mot sentralapparatet for å få posisjonert viktige prosjekt i fylket. Der gjer både Bjørn Lødemel og Frank Willy Djuvik ein viktig jobb, ein jobb som gjerne ikkje blir så veldig tydeleggjort i mediebildet. All honnør til desse to som fekk til dette møtet med den travle leiinga i departementet, seier Svein Sunde.