Anders Fannemel sin tvillingbror, Einar, har vore på jobb i hoppbakken i Falun under VM. Studenten som går på høgskulen i Volda var i Falun og filma publikum for arrangøren under meisterskapen.

Men til laghoppinga hadde han fått fri.

- Det passa bra at eg kunne konsentrere meg fullt ut om å vere tilskodar, seier han.

Det var nok kanskje like greitt, det hadde nok kanskj blitt vanskeleg å halde kameraet stødiig etter kvart som broren nærma seg VM-gullet.

Då rennet var ferdig og sigeren eit faktum, var Einar den første til å gratulere tvillingbroren.

- Eg hadde jo akkredittering, så eg hoppa over gjerdet og stakk bort og helste på, seier han.

- Kva sa broren din då du kom og gratulerte?

- Han sa vel ikkje så mykje, og eg hugsar ikkje heilt kva han sa. Men det var ein fornøgd fyr!

- Korleis var det å vere der i bakken i kveld?

- Det var sjølvagt veldig artig, det var jo ei stor hending. Heile VM har vore veldig stort, det har vore utruleg kjekt å jobbe her, men når det i tillegg blir gulli familien då toppar alt seg, seier Einar Fannemel.

- Du valde sjølv å ikkje byrje med skihopping, men heldt fram med skiskyting i staden?

- Ja, eg gjorde det. Og det var jo greitt, det. Det er ei stund sidan eg la dei skia på hylla. Men det er jo ut som Anders gjorde eit godt val då han satsa på skihopping!

Gullvinnaren Anders vart gratulert av tvillingbroren rett etter rennet. Foto: Tadeusz Mieczynski