Johan Eirik Meland gjekk ei strålande startetappe for Sogn og Fjordane 1 og veksla likt med Buskerud i M17-21 i stafetten i junior-NM i skiskyting. Laget med Mealnd, Isal Flo Bødal, Erlend Solhaug Myklebust og Trygve Aaland Tryggestad heldt seg i medaljestriden lenge, men enda til slutt på den sure fjerdeplassen. Buskerud 1 vann stafetten. Sogn og Fjorane 2 vart nummer 23. Her gjekk Georg Kristian Halsteinslid, Lars-Erik Telseth, Andreas Halsteinslid og Torgeir Grøningsæter.

I klasse K 17-21 vart Sogn og Fjordane 1 nummer 8, med Mari Sollid Eide, Andrea Skeide Bakke og Karoline Erdal. Sogn og Fjordane 2 vart nummer 28. Her gjekk Ingrid Gausemel, Elise Skeide Bakke og Inga Elise Vik. Klassen vart vunnen av Oppland 1.

I klasse M 17-18 vart Sogn og Fjordane 1 nummer 20. På laget gjekk Gaute Bø, Odd Sindre Tonning, Grim Nygård og Isak Hopland. Buskerud 1 vann denne klassen.