Thon-kjeda har overteke Skei Hotel, og i overtakinga harnynorsken forsvunne frå nettsidene. Det får jølstring ogsentralstyremedlem Jorunn Simonsen Thinges til å reagere.

– ThonHotels bør heller spele på den lokale identiteten og bruke nynorsk,seier ho i ei pressemelding.

Det var i januar hotellkjeda tok over SkeiHotell. Hotellet er eit lokalt kjennemerke, men då hotellkjeda Thonsjekka inn i Jølster kom hotellnettstaden plutseleg på bokmål. Nospør Norsk Målungdom kvar nynorsken har blitt av.

– I Jølster seiervi at vi ligg midt i fylket, seier jølstring og sentralstyremedlemJorunn S. Thinges i Målungdomen.

– Det betyr også at vi ligg midt ieit nynorskfylke. Thon-kjeda er elles flink til å syne fram detunike med stadane dei har hotell, til dømes speler dei på detsamiske i Kautokeino. I Jølster er det naturleg å bruke nynorsk imarknadsføringa av hotellet, forklarer Thingnes.

Norsk Målungdom har sendt ei oppmoding til Thon-kjeda om ånytte nynorsk i dei nynorskområda dei har hotell. Thon Hotels harhotell i nynorskkommunane Ål, Jølster, Kvam, Førde, Herøy ogSurnadal. Thingnes i Målungdomen avviser at hotelldrift er best påbokmål.

– Å bruke nynorsk som marknadsføringsspråk er snarare einkonkurransefordel enn eit problem, seier ho, og viser til HotellAlexandra i Loen. Hotellet bruker nynorsk på nettsidene sine og imarknadsføring. Thingnes trur medviten språkbruk vil vere med åsyne Jølster fram som eit spanande reisemål. – Ein tydelegnynorskprofil gjer hotellet knytta til staden det ligg, og vilgjere det til eit føredøme for andre hotell, avsluttar ho.