Nasjonal rassikringsgruppe, leia av fylkesordførar Åshild Kjelsnes, ber no  om eit møte med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og krev at målsetjinga om rassikring innan 2030 må med i neste Nasjonal Transportplan.

Rassikringsgruppa peikar i eit brev på at no har det skjedd igjen:

- Fire bilar vart tekne av skred, elleve personar var i livsfare, og nok ein gong var marginane på rett side slik at alle dei involverte slapp frå hendinga i live. Denne gongen var det eit 50 meter langt snøskred med ei høgde på to meter tettpakka snø, som trefte køyretya på hovudvegsambandet nord-sør langs Vestlandet, Europaveg 39. Gjentekne gonger har hovudvegsambanda E39, E16 og E6 vorte stengde grunna ras og rasfare dei siste åra, ofte i lange periodar. Dette skapar store vanskar for transportnæringa, for verksemder, for kollektivtrafikken og for folk flest. Økonomisk kan dette kan målast i auka kostnader og tapt verdiskaping. Redsla og uroa over å vere nøydd å ferdast langs desse rasutsette vegstrekningane  derimot, kan ikkje målast økonomisk. Redsla og uroa finn ein i redusert livskvalitet for alle dei som må bu og leve med skredfaren. Dei vegfarande skal kunne ha tillit til at det offentlege vegnettet er trygt å ferdast på. Difor må arbeidet med skredsikring forserast. Noko anna er uakseptabelt, skriv Nasjonal rassikringsgruppe til samferdsledepartementet.

- Vi kan ikkje setje vår lit til marginar. Rassikring er eit nasjonalt ansvar og det vi må kunne setje lit til er forserte løyvingar. Nasjonal rassikringsgruppe har sett eit tålmodig og nøkternt mål om at det offentlege vegnettet skal vere sikra mot ras innan 2030. Sjølv om merksemda om  problema med ras har auka dei seinare åra, vil vi ikkje nå dette målet med dagens løyvingstakt. Vi ber difor om eit snarleg møte med samferdslestatsråd Ketil Solvik-Olsen for å forsikre oss om at målsetjinga om rassikring innan 2030 vert innarbeidd i ny Nasjonal Transportplan, skriv rassikringsgruppa.

Åshild Kjelsnes er leiar i Nasjonal rassikringsgruppe. Foto: Arkivfoto