I dag går Strynerussen frå dør til dør for å samle inn pengar til kreftsaka.

– Då må alle ha lommebøkene klare, smiler Anna Hofseth, leiaren for aksjonen i Stryn. Med seg på laget i aksjonsleiinga har ho Markus Heggen Solum, Ingrid Kvåle Faleide og Karoline Gullbrå som fortel at saman med resten av Strynerussen, kjem dei til å dekke heile Stryn og Hornindal kommune i tillegg til Loen, Innvik, Utvik og Nordsida.

– Vi kan ikkje garantere at vi rekk alle husdørene, seier dei. Men vi skal gå til så mange som mogleg. Stryn og Hornindal er i alle fall garantert, legg dei til.

Kvart år samlar Strynerussen inn pengar til Krafttak mot kreft. I år står 96-ar kullet for tur. Det er Kreftforeningen som står bak den årlege bøsseaksjonen. Dette er ein landsomfattande aksjon der alle pengane går til forsking på kreft.

Aksjonen kjem til å gå føre seg i heile landet. Russen utgjer heile 90 % av alle som deltek, og blir dermed den viktigaste brikka for Kreftforeningen sin aksjon. I Stryn er det rundt 70 russ som deltek, ifølgje Hofseth.

I tillegg til å bere bøsser, skal Strynerussen i år arrangere kafe. Hendinga blir 8. mars frå klokka på Stryn vidaregåande skule.  Der kan ein sjå fram til alt frå kaker til underhaldning og quiz.

– Vi garanterer ein super kveld der alle sjølvsagt er velkomne, seier dei.

Strynerussen håpar dette vil bli løysinga som gir dei ein ekstra stor sum dei stolt kan overgi Kreftforeningen si sak.

Kvart år brukar pengane å gå til eit spesielt felt innan kreftforsking. I år skal inntekta gå til forsking retta mot personleg tilpassa behandling. Dei med same krefttype på likt utviklingsstadium, kan ha behov for ulik behandling. Årsaka til dette ligg bak dei mange ulike genfeila som kan gi same kreftsjukdom. Sjølv om krefttypen er lik, er altså ikkje årsaka til kreftsvulsten nødvendigvis det. Same behandling, vil dermed ikkje respondere like bra på alle. Forskarane treng meir kunnskap for å gje riktig behandling til kvart individ. Strynerussen deltek gledeleg i kampen for dette. – Vi føler russetida har blitt litt negativt lada. Vi vil snu om på dette med å vise at vi bryr oss. Kreftsaka er noko som treff veldig mange, i og med at dei fleste kjenner nokon som anten har eller har hatt ei form for kreft, seier dei. 96-arane ser på dette som ei flott mulegheit til å samle raudrussen og gjere noko for eit godt formål. Dei legg til at dei satsar på å samle inn meir pengar enn det tidlegare årskullet.– Vi har notert oss at fjorårets russ fekk rundt 154.000, så då må vi få rundt 170.000, ler Hofseth.Markus legg til at det viktigaste med innsamlinga framleis er å støtte kreftsaka, i og med at pengane går til eit såpass alvorleg formål. Og at å slå fjorårets kull dermed berre blir ein bonus. Dei håpar at flest muleg tar seg råd til å støtte saka. Men for dei som ikkje har mulegheit til å møte russen, kan ein framleis donere ein sum på Kreftforeningen.no.