Telegrafen Ungdomskafé fekk denne veka ei ny pengegåave, denne gongen ein sjekk frå IOGT Stryn. Organisasjonen som arbeider for eit rusfritt samfunn er ein av medstiftarane bak Telegrafen.

- Men Telegrafen gjer ein viktig jobb, og vi ønskte å støtte dei litt meir. Vi har difor gått til fylkesorganisasjonen og fått dei til å søkje om midlar frå sentralt hald, seier Olav Langeset, ny leiar i IOGT Stryn, og avtroppande leiar Berit Lyslo Concha. Dei overrekte i dag sjekken til dagleg leiar for Telegrafen Ungdomskafe, Nina Ytreeide.

- Kva er pengane tenkt til?

- Vi veit det er vanskeleg å få midlar til drifta, som regel kan ein berre søkje tilskot til prosjekt. Difor har vi tenkt at midlane kunne gå inn i den daglege drifta, seier Berit Lyslo Concha.

- Vi er veldig glade for å få litt ekstra. Det kjem godt med, seier dagleg leiar Nina Ytreeide, som har ope på Telegrafen kvar ettermiddag og kveld frå tysdag til og med fredag for ungdommar i dei aktuelle aldersgruppene.

Tysdag, onsdag og torsdag er det ope for elevar frå vidaregåande skule og lærlingar, samt 10. klassingar. Fredagane er det ungdomsskulen sin kveld.

I lokala er det kafe, ulike spel, både elektroniske og biljard, bordtennis og airhockey. Telegrafen arrangerer også ulike småaktivitetar som quiz i lokala, og innimellom er det utflukter og andre arrangement.

- I det siste har vi også hatt eit samarbeid med Radio Stryn om ungdomsradio, fortel Nina Ytreeide.