Då Jarle Midthjell Gjørven (21) fekk vite at han hadde kreft, var ein av dei første tankane til skiskyttartalentet at han ikkje skulle bli liggande på sofaen med fjernkontrollen.  – Eg har brukt treninga og konkurransane til å halde tankane på sjukdommen vekke, seier Markane-løparen. No er han klar for NM i Sirdal, etter å ha fått den gledelege beskjeden at kreften ikkje har spreidd seg.

Bronse i jr-VMJarle hadde ein glimrande sesong som skiskyttar i fjor, og toppa det heile med bronsemedalje i junior-VM, der han gjekk seg opp på pallen med ein strålande sisterunde. Årets sesong starta også lovande for barndomsvenen og treningskameraten til Johannes Thingnes Bø. Jarle vart teken ut til å representere Norge i Universiaden på etterjulsvinteren.Men noko skjedde. Jarle var ikkje like rask i sporet, og Universiaden kom og gjekk utan nokon Jarle Midthjell Gjørven.21-åringen hadde fått andre ting å kjempe mot enn langrennstider og skiskyttarblinkar. Han hadde fått kreft. – Det starta med at eg kjende ein hevelse på den eine testikkelen. Det var litt ømt, og etter kvart vart det verre. Såpass at det var vondt å gå om eg gjekk med litt trang dongribukse, fortel han.Sjukdom i underlivet er ikkje noko menn spring til lege for med det første. Det gjorde heller ikkje Jarle. – Det gjekk nok ei god stund før eg kom meg til lege. Men då eg skulle heim til jul, bestilte eg time hos fastlegen min, fortel den unge skiskyttaren, som har flytta til Lillehammer for å satse for fullt innan idretten sin.

Ikkje den kjekkaste julaVeslejulafta troppa han opp hos fastlegen sin. Beskjeden var grei og utilslørt: Her var det noko som ikkje var som det skulle vere. Det vart hastetinga ultralydtime ved Nordfjord sjukehus. Dagen før nyttårsafta skulle han dit. Han vedgår at det ikkje var den kjekkaste jula han har hatt.– Men det gjekk raskt og greitt, eg slapp å vente lenge. Det var bra, seier han. Ultralydundersøkinga stadfesta at ikkje alt var som det skulle. To dagar etter, torsdag 1. januar, reiste Jarle og resten av Team Statkraft Nordfjord for å gå Norgescuprenn.

Berre å få gått rennaFredagen, medan han sat i bilen og køyrde tilbake frå den offisielle treninga, fekk han telefon. Det var kirurgen som skulle operere han. Jarle skulle leggast inn på Lillehammer sjukehus på måndagen for å fjerne den eine testikkelen, der det var lokalisert ein svulst. – Så då var det eigentleg berre å få gått skirenna så godt som muleg og kome seg heim, seier han. Måndagen vart han operert, og etter ei vekes tid kom stadfestinga på at svulsten var ondarta.Sidan har han teke blodprøver, vore på kropsscanningar og venta på å få vite om sjukdommen hadde spreidd seg. For eit par veker sidan var han i Oslo og fekk svaret han hadde håpa på: Kreften har ikkje spreidd seg. Dermed blir det inga cellegiftbehandling, og utsiktene er gode.- Eg skal framleis gå til kontroll i fem år, men det ser veldig bra ut no, seier  seier han.

Treninga heldt tankane vekkeTrass i sjukdommen og uvissa har han vore bestemt på at han skulle halde fram med å trene og konkurrere når han var i stand til det.– Sjølvsagt måtte eg ligge på sofaen litt i starten, rett etter operasjonen. Eg sleit med å gå. Men etter halvannan veke gjekk det mykje betre å bevege seg, og eg byrja å gå turar. Etter bortimot tre veker kunne eg prøve meg på ski igjen. Det er sjølvsagt litt stivt akkurat der snittet er, men det har gått ganske greitt. Men ein blir sjølvsagt veldig svak muskulært, seier han. Jarle seier han prøver å leve kvardagen slik han ville gjort uansett, om han ikkje hadde vorte sjuk. Sist helg gjekk han Norgescup-renn i Alta. Skaut svært godt og låg på 2. plass ut frå siste skyting, men tapte i sporet og vart til slutt nummer fem. – Det er imponerande at du kunne halde fram heilt i toppen i Norgescupen? – Trening og konkurransar har vore med på å halde tankane vekke. Eg har sjølvsagt gått ein del seinare enn konkurrentane mine no, men eg veit jo kvifor. Og eg har prøvd å tenkje positivt, det har vore min måte å takle det på, seier han.

No ser det veldig lyst ut– Du snakkar ope og ukomplisert om sjukdommen, og verkar til å ha takla situasjonen veldig godt?– Eg har helst villa ha ei positiv innstilling og tru at ting går bra. Men eg har jo grubla. Innimellom har det snike seg på.  Eg har knekt litt saman nokre gongar. Hatt mine tunge stunder, særleg når eg har lagt meg om kvelden, seier han enkelt, og legg til:– Så det har jo vore hardt, sjølvsagt har det det. Men eg har prøvd å ikkje sleppe dei tunge tankane til så mykje. Halde det på avstand, og heller fokusere på å leve slik eg ville gjort til vanleg, seier Jarle, som oppmodar andre som kjem i ein liknande situasjon om å gå og få det sjekka i staden for å gå og lure.Sjølv har han all grunn til å sjå optimistisk på situasjonen etter dei siste prøvene. – Eg har gledd meg veldig til å kunne vite at alt er bra, til å sleppe å gå med denne usikkerheita. No ser det veldig lyst ut, seier Jarle, som også gler seg til å vere tilbake i sporet for fullt:– Eg gler meg til å gå skirenn og få god trening fram motneste sesong. Eg har null forventningar til meg sjøl i NM, for eg ser pådet her som rein bonus for min del. Men eg forventar at eg skal treffeblink, der har eg ikkje nokon unnskylding!

Jarle t.h. med bronsemedalja frå jaktstarten i junior-VM, til venstre Alexander Povarnitsyn (sølv), Fabien Claude (gull). Foto: Erlend Slokvik
Fjorårets vinnarlag under NM-stafetten: Jarle Midthjell Gjørven, Johannes Thingnes Bø, Johan Eirik Meland og Håvard G. Bogetveit. Foto: Team Statkraft Nordfjord