Det var stort engasjement då ungdommar i frå heile fylket var samla på fylkesting for ungdom (FFU) denne helga. Nokre av sakene som stod på dagsorden var innsparingskrava til fylkeskommunen, ny handlingsplan for Ungdomspolitisk utval (UPU) og val av nytt UPU.

- Det er utruleg kjekt å sjå mangfaldet av ungdom som engasjerer seg i fylket. Årets fylkesting for ungdom ber preg på dyktige og framtidsretta ungdom. Eg er utrulig overvelda og takknemlig for tilliten som er vist frå tingsetet. Det er ein ære å få representere så flotte ungdommar her i fylket. Eg ser fram til eit utrulig kjekt år med utvalet med mykje spennande på agendaen det neste året, seier nyvald leiar Sofie Sundberg i ei pressemelding frå UPU.

I tider med store budsjettkutt er det viktig å setje saka på dagsorden for å fremje kva ungdommane meiner er viktig for eit fylke som er attraktivt og ein plass dei vil flytte heim til. Debatten gjekk føre seg i gruppediskusjonar, og stikkord som utmerka seg var psykisk helse, god infrastruktur, gode kulturtilbod og ein skule med høg kompetanse og eit godt miljø.

Kvart år skal fylkesting for ungdom komme med uttalar om kva dei meiner er viktig for ungdom i fylket, og kva saker FFU sitt arbeidsorgan, ungdomspolitisk utval, skal jobbe med fram mot neste fylkesting for ungdom

- Sakene som vart tekne opp under generaldebatten viste eit breitt spekter av tema. Eg tykkjer det er utruleg kjekt å sjå at ungdommen engasjerer på så mange ulike områder. Vi har debattert saker om alt frå miljøkoordinatorar, helsestasjon for ungdom, til nye retningslinjer for både fylkesting for ungdom og ungdomspolitisk utval, seier nyvald nestleiar Dorthea Keilegavlen Grane.

Ungdomspolitisk utval 2015/2016: Leiar: Sofie Sundberg, Sogndal kommune, nestleiar: Dorthea Keilegavlen Grane, Askvoll kommune, medlemmer: Dag Henrik Nygård, Flora kommune, Madlen Lehmann, Førde kommune og Rune Nygård, Flora kommune. Vara: Oline Birgitte Nave, Vågsøy kommune, Ruben Skrede, Jølster kommune, Bendik Hovland, Flora kommune, Jeanette Lauritsen, Unge Høgre og Ragnhild Taklo, Unge Høgre.

Nestleiar Dorthea Keilegavlen Grane (t.v.) og nyvald leiar i Ungdomspolitisk utval Sofie Sundberg. Foto: UPU