- Vi står veldig godt rusta til å ta i mot skifolket frå fjern og nær i Stryn Vinterski i påska. Engasjementet er enormt hos alle dei som jobbar dugnad for oss, sa styreleiar Frode Bakken då Fjordingen var på besøk under "kick-off" for påska onsdag kveld. Då var mannskapa samla for å snakke om oppgåvene. Som takk til alle vart det spandert pizza og brus.

-Personalet er utruleg viktig for å lykkast. Alt frå parkeringsvakter, folk i kafeen, heisvakter, skipatrulje og dei som jobbar særleg med sikkerheita. Gjestene skal trivast hos oss og sitje att med gode opplevingar, og det stiller krav, sa Bakken.

Skiveteranen håpar på skikkeleg påskever og påskestemning som gjer at folk verkeleg får oppleve kvalitetane i Steindalen. Også rundløypa skal vere super i påska, seier han.

I anlegget skal det skje saker og ting med sterk vekt på familien. "Jibbeparkane" er klare i Steindalen og der vert det elles grilling kvar dag. Det vert elles seks kveldar med after-ski i påska.

- Då skal vi ha bra trøkk, blant anna med Kjetil Grodås på palmelaurdag, seier Frode Bakken.

-