Stryn formannskap meiner at den lokale reiselivsnæringa sine synspunkt skal ligge til grunn for kva Stryn kommune skal meine på generalforsamlinga i Reisemål Stryn & Nordfjord 7. april. Då skal det bestemmast om selskapet skal gå inn i fusjonen med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen.

Styra i dei tre selskapa har gått inn for ein fusjon, men deler av næringa i Nordfjord let no alarmklokkene ringe. Også kommunane i Nordfjord engasjerer seg, men med ulike forteikn. Fusjonen heng i ein tynn tråd.

I formannskapet i Stryn vart det konkludert med at kommunen sin representant på  generalforsamlinga, Kolbjørn Roset, saman med dagleg leiar i Reisemål Stryn & Nordfjord, Marita Lindvik før generalforsamlinga skal kartlegge nærare kor stor del av den lokale reiselivsnæringa det er som går mot ein fusjon.

På møtet vart det også uttrykt det uheldige i at formannskapet i Vågsøy har vedteke å melde seg ut av samarbeidet uavhengig av kva som skjer på generalforsamlinga. Eid på sin side avventar det heile til etter generalforsamlinga, men har signalisert at dei vil vurdere medlemskapen om det ikkje skulle bli ein storfusjon.