Stryn Ping Pong Club baud ikkje berre på harselas, parodiar og moronummer under revyen sin laurdag.

Det var også tid for utdeling av SPPC-gåvemidlar.

- Mange set Ping Pong-klubben først og fremst i forbindelse med moro og festlegheiter. Men det er viktig å hugse på at klubben også er ein bidragsytar til dei lokale organisasjonane, sa ordførar Sven Flo, som var med og las opp kven som hadde fått tildelt pengar i denne omgangen.

Totalt var det kome inn 43 søknadar på til saman ca 1million kroner. Det vart delt ut 120.000 kroner laurdag, Stryn Ping Pong Club stilte sjølve med 105.000 kr og hadde fått dei lokale bankane til å dele det resterande beløpet seg imellom.

Gåver til lokale lag og organisasjonar

4H-klubbar i Stryn kommune til arr. avfylkesleir: 5 000

Hornindal Raude Kross til oppstart barnegruppe: 5 000

Kreklingen Vel til leikeplass: 5 000

Organisasjonen MOT til MOT-camp: 5 000

Møtestad Fjelli til scenebygg: 5 000

Oppstryn ungdomslag til vassball: 5 000

Stryn Linedance til barnegruppe: 5 000

Tonning skule til nynorskprosjekt: 5 000

IndreNordfjord Fjordhestlag til instruktørar/ kurs: 5 000

MarkaneIL/skiskyting til nytt gevær: 7 500

Temakveld om sjukdommen ME :7 500

Hornindal fritidsklubb til vasskatapult: 10 000

Olden IL til basketkorger: 10000

Telegrafen til aktivitetar for ungdom: 10 000

AktivitetsklubbenHeimskringla til aktivitetar for born: 15 000

Stryn skulekorpstil instrument: 15 000