Ein båteigar i Olden oppdaga nyleg at frekke tjuvar hadde vore på ferde i løpet av vinteren.

- Då eg skulle ta vårservicen oppdaga eg at vitale deler til motoren var borte. Nokon har rett og slett forsynt seg med deler, for å bruke dei på ein annan motor, og deretter sett dekselet pent på plass, seier båteigaren.

Båten låg lagra under ein veranda. Når tjuveriet har skjedd, har eigaren inga formeining om.