Verdsmeister og verdsrekordhaldar i hopp, Anders Fannemel får tysdag kveld skikkeleg mottakelse i Honndalshallen, ein open fest for alle som vil vere med å hylle ungguten.

- Det er viktig at folk stiller på, at vi på den måten signaliserer at vi set pris på sterke lokale idrettsprestasjonar, seier ein av initiativtakarane, Stig Olav Lødemel. Han legg ikkje skul på at han er lidenskapeleg hoppinteressert.

- Kva skjer tysdag kveld?

- Vestlandsrevyen kjem , og Hornindal kommune har bestilt kake til 250 personar. Vidare får folk sjå video over store hendingar for Anders i 2014 og 2015. Her blir innlagt intervju. Vidare etter den tre kvarter lange seansen, blir Anders hylla av skikrinsen, og han vil få ei hemmeleg utmerking frå Hornindal Idrettslag og fanklubben. Det kan også nemnast at ordføraren har invitert tidlegare honndalshopparar, seier Lødemel.

l