Eit produksjonsselskap er i ferd med å drive "research" for omfattande opptak i Stryn. Allereie i mai vil opptaka starte opp, opplyste ordførar Sven Flo i det siste formannskapsmøtet. Førebels held han korta tett til brystet:

- Eg kjenner ikkje til og kan heller ikkje gå i detaljar om dette. Det er produksjonsselskapet som vil gå ut med informasjon når dei er klare til det. Eg har berre kort vore i dialog med dei vedrørande ei muleg kommunal delfinansiering av prosjektet. Dette kan styrke Stryn marknadsmessig. Alt det tekniske omkring synleggjering av opptaka og sendetid har eg per dags dato ikkje detaljar om, seier Flo.