Fleire media har tidlegare fokusert på at verdsmeister i skiskyting, Johannes Thingnes Bø, eigentleg ville bli fotballspelar. No vert draumen ein realitet.

Denne veka signerer han for Stryn Fotball, og skiskyttaren kan dermed bli å sjå i raudetrøya på 3. divisjonskampar utover i sesongen.– Kanskje det blir innført strafferunder i staden for straffespark no, vart det spøkt med i garderoben då 21-åringen møtte dei første av lagkameratane på Stryn stadion tidlegare i veka.

Som Northug– Det er sjølvsagt kjekt å få Johannes i spelarstallen. Petter Northug spelar jo fotball for Mosvik IL, så kvifor skulle ikkje Johannes spele for Stryn, seier strynetrenar Johann Sigurdsson og sportsleg leiar senior i Stryn Fotball, Per Ole Tenden.Den nye strynespelaren sjølv såg godt nøgd ut då han fekk strynedrakta i hende. På spørsmål om dei ikkje er redde for at skiskyttartoppen skal bli skadd i ein eller annan knokkelkamp før VM-sesongen på heimebane, understrekar både lagleiinga og Johannes sjølv at han ikkje blir fast på laget, akkurat.– Men om eg er heime og dei har problem med å få nok folk til benken, så er eg gjerne med og fyller den. Og det hadde sjølvsagt vore moro å få debutert i 3. divisjon, seier Johannes Thingnes Bø.