Moods of Norway viser på nytt at deiikkje er redde for å gå nye vegar. I samband med eit besøk iheimbygda i påska, røper Jan Egil Flo at firmaet som til no harvore forbunde med moteklede har spennande planar på skisseblokka.Medan ulike aktørar prøvar å revolusjonere el-bil industrien, vilMoods utvikle sin eigen el-traktor. Namnet blir MoodEl.

- Dette erheilt i startfasen, men vi er byrja å få ein del konkrete ting påplass, seier han. Ikkje minst har Moods-karane lukkast å hente innhjelp frå den kanskje beste ekspertisen som kan oppdrivast påfeltet.

- I samband med Oscar-utdelinga kom vi i kontakt med ElonMusk, grunnleggjaren av Tesla-bilane. Han tende fullt og heilt påideen, og no tyder alt på at han kjem til Stryn om eit par vekerfor å bistå i den vidare produktutvklinga og dessutan planleggeproduksjonen, seier Flo.

Og når det gjeld produksjonen vil ogsåStryn spele ei sentral rolle.

- Vi ser på mulegheitene for eitsamarbeid med NoMek, som har synt seg veldig innovative på andrefelt. Og så står det jo eit stort tomt lokale etter bussproduksjonpå Visnes, seier Flo.

Grøn traktor Flo vil ikkje vise for mykje iein så tidleg fase av prosessen, men syner fram den førstegrovskissa på korleis dei tenkjer. Den særmerkte rosa traktoren erinspirasjonskjelda.

- Tanken er å ta utgangspunkt i denne. Den er jopå sett og vis varemerket vårt. Men sidan det er ein el-traktor måfargen bli grøn, seier Flo. Slagordet er også tenkt ut: Moods inmotion. Etter eit år med økonomisk tilbakegang, trur direktøren forklesmerket at det er nettopp slike «smågalne» satsingar som må tilfor å skilje seg ut i mengda, og dessutan vere synlege på fleireområde.

- Å satse med ein miljøvenleg profil, er heller aldri feil,seier Flo. Han understrekar at traktoren ikkje blir en fullblodsgårdstraktor, men det han kallar «bytraktor». Storleikensamanliknar han med bilane som køyrer på golfbaner, men med størretrekkraft.

- Ypperleg til å måke oppkøyrsla, køyre unna rusk og annalettare traktorarbeid, seier han. Når tid MoodEl faktisk ertilgjengeleg på marknaden tør ikkje Flo å love.

- Her er det einlang prosess vi berre så vidt har starta på. Men er vi heldige kanden vere for salg sommaren 2017.