Hornindal feira i går kveld sin nybakte verdsmeister og mannen bak verdas lengste skihopp, Anders Fannemel.

Fenomenet "Honndalshalvtimen" gjekk denne gongen i revers: Ein halv time før arrangementet skulle starte, var det alt fullsett i amfiet, og fleire stolar måtte setjast ut. Godt over 300 honndøler møtte fram for å feire Fannemel og hans eventyrlege sesong som toppa seg i èin stor, individuell prestasjon og èin stor lagprestasjon. Umuleg å setje opp mot kvarandre, sa hopparen sjølv.

Det vart både heider og ære, mange godord og blomster, direktesendt TV og ikkje minst: Kake til store og små.

Men gullmedalja frå VM? Nei, den vart dei snytt for.

- Den gløymde eg! vedgjekk hopphelten.