Gjekk du på historia om Moods of Norway og el-traktoren? Då er det berre å seie "aprilja" - dette var årets aprilsnarr i Fjordingen.

Nyskapinga MoodEl finst førebels berre i journalist Roy Aron Myklebust sin produktive fantasi.

Det som derimot ikkje er nokon aprilspøk, er at Johannes Thingnes Bø har signert for Stryn Fotball. Fleire har trudd at dette var ein aprilsnarr, men det er det altså ikkje. Skiskyttaren er no formelt ein del av Stryn sin spelarstall til 3. divisjon.

Og nei, at snus- og røykeforbod frå 1. april også gjeld lærarane i den vidaregåande skulen, ikkje berre elevane, er heller ingen spøk.

Strynespelar: Johannes Thingnes Bø. Foto: Gunnhild Sindre