Unger feiringa av Anders Fannemel i Honndalshallen i går kveld kom Inge Fænn, leiar i Sogn og Fjordane Skikrins, med ei helsing som vil kome unge hopparar til gode.

- I skiskyting blir det snakka om Bø-effekten. No meiner skikrinsen det er på tide å utnytte Fannemel-effekten, sa Fænn.

- Sogn og Fjordane Skikrins har difor lagt 5.000 kroner i potten for eit rekrutteringsprosjekt, der vi utfordrar Anders Fannemel, gamletrenar Stig Seljeset og Lorentz Fannemel, som har lagt ned ein kjempejobb for unge hopparar i vinter, til å vere med på ein idédugnad. Saman med hoppkomiteen i skikrinsen skal dei vere med og planlegge eit rekrutteringsprosjekt for unge hopptalent frå bygdene som soknar til Bjørkelibakkane, sa Fænn.

Både Hornindal og Stryn kommunar har vore med og støtta prosjektet, og fleire sponsorar og privatpersonar har bidrege. Dermed stod det totalt 36.000 kroner på sjekken som Fænn overrekte Anders Fannemel til prosjektet. I tillegg ventar det eit par nye hoppski på eit stort talent i løpet av neste sesong.

- Målet er klart: Fleire hopparar, og gode hopparar. Dei skal få hente inspirasjon frå ein av dei beste i verda, avslutta Inge Fænn til stor applaus frå dei mange frammøtte.