Med eit knapt fleirtal på 20 mot 17 røyster vedtok fylkestinget i dag å gjere fv 60 ferdig mellom Ugla og Skarstein. Det vil seie at fylkestinget ikkje ville gå inn for fylkesutvalet si løysing der berre halvparten av strekninga vert bygd ut no, medan resten ville bli avgjort seinare.

Dei som stod bak fleirtalsvedtaket var Sp (med unntak av Jenny Følling, Karen Marie Hjelmeseter og Anders Ryssdal), H, Frp og Venstre. Heile Ap-gruppa røysta i mot, og ville ha vurdering av resterande strekning på 2,5 kilometer når fylkestinget møtest på nytt i juni.

Debatten var til dels hard, med diskusjon om alt frå økonomi til vegbreidde og tidspunkt for realisering av prosjektet. Trude Brosvik (KrF) var den som kanskje gjekk lengst også i å setje veg opp mot andre fylkeskommunale prioriteringar. I innlegget sitt drog ho fram Stryn vgs som for eit par år sidan stod på fylkesrådmannen si liste over vidaregåande skular som var føreslege nedlagt, og sa rett ut at ho vil prioritere det ein kan innafor skule og heller vente med vegbygging.

Siv Langøen Rotevatn (V) sa seg lei av aldri å bli ferdig med Olden-Innvik. Ho bad innstendig om at eit større fleirtal skulle slutte opp om å fullføre prosjektet og bli ferdig.

Også Frank Willy Djuvik (Frp) sa rett ut at no er tida inne for å gjere ferdig Norges verste veg, utan fleire utsetjingar. Det same sa Arnstein menes (Sp) og Ole Gunnar Krakhellen (H).

Forslaget som fekk fleirtal i fylkestinget ser slik ut:

1. Fylkestinget vedtek, med tilvising til eige vedtak i FT-sak 50/14 Budsjett 2015/økonomiplan2016 (17-18), at Fv. 60 Ugla-Skarstein vert utbetra som følgjer:a) Vangbergtunnelen skal byggjast med profil T9,5 og med naudnett og DAB.b) Vegen skal byggast med vegbredde 7,5b) Det skal byggjast ny veg med 0,8 meter overbygning.d) Sjøfyllingar skal sikrast mot utvasking.e) Det skal ikkje byggjast ny gang- og sykkelveg på strekninga.2. For å møte ev. kostnadsoverskridingar skal det setjast av 10pst. av kostnadsoverslaget, påeit avviksfond.3. Konsekvensane for budsjett 2015 og økonomiplan 2016-2019 vert å kome tilbake til itertialrapportane i 2015 og i samband med arbeidet med nemnde økonomiplan.