Trommeslagar Tore Lødøen frå Hornindal skal representere Sogn og Fjordane på landsmønstringa i UKM i Trondheim i juni. 16- åringen var ein av ti utplukka innslag som gjekk vidare.

Om lag 240 ungdomar deltok på fylkesmønstringa for ungdomens kulturmønstring i Førde i helga.

- Det har vore ei stor glede for Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune å arrangere UKM fylkesmønstring i helga. Dette var fylkesmønstring nr. 30 i rekka, og vi har endå ein gong fått oppleve kor mange dyktige unge talent vi har i fylket. Vi er stolte av å kunne vere med å vise fram breidda av ungdomskulturen i Sogn og Fjordane. Vi er imponerte over det høge nivået til deltakarane, og alle har grunn til å vere stolte av innsatsen sin. Responsen til dei 900 som møtte fram som publikum stadfestar dette inntrykket. UKM er ikkje ein konkurranse, men ei mønstring. Sjølv om juryen skal velje ut nokon av innslaga til å representere fylket på landsmønstringa, er det viktig å presisere dette, seier kulturleiar i Førde, Johan Bengtson, i ei pressemelding.Juryen fekk ei tøff oppgåve og ville helst ha sendt alle vidare til landsmønstringa i Trondheim 19. til 23. juni. Dei vart likevel einige i at desse ti innslaga skal representere ungdomskulturen i Sogn og Fjordane:

Sceneinnslag

  • Sofia Hyttedalen (14 år) med den eigenkomponerte songen Fog, frå Gloppen.

  • Iver, Halvor, Håvard og Oliver med sangen Jailhouse Rock, frå Bremanger.Halvor Nesbakk (17 år), vokal, Iver Senneset (16 år), gitar, Håvard Lågeide (16 år), bass og Oliver Igland (17 år), slagverk.

  • Ingrid og Malene med dans til sangen Sail av Awolnation, frå Gloppen.Ingrid Johansen (16 år) og Malene Solheim (15 år).

  • Firda Crew med sangen Feeling good, frå Gulen.Camilla Haveland (17 år), vokalist, Halvor Nesbak (16 år), piano, Håvard Lågeide (16 år), bass, Oliver Igland (17 år), trommer og Sindre Steig (17 år) blåseinstrument.

  • Tore Lødøen (16 år) på trommer med Ragga Twins, frå Hornindal.

Film

  • Jonathan Hofslundsengen med filmen Slaget ved Fimreite, frå Sogndal.

Kunst

  • 13 AM/Anton Behme (14 år) frå Flora med bildeserien «Money makes the world go´round» og «I`m lovin´it»

  • Daniel Moen (18 år) frå Høyanger med den illustrerte forteljinga «Reisen til planeten Kjeks».

  • Silje Larsen (16 år) frå Årdal med fotografiet «Empty».

  • Knut Isdal Lindstrøm (14 år) frå Lærdal med skulpturen «UGLE» .