Norsk ull er no miljøsertifisert som den første i verda. Tre av fire norske sauer vil heretter få svanemerkt ulla si. For første gong har ull fått miljøsertifisering, og norsk ull frå den norske bonden er først ute i verda. 75 prosent av all ull i Norge – 3.000 tonn i året – vert levert frå Nortura-bønder til selskapet Norilia. Og no blir all denne ulla svanemerkt.

Full oversikt over verdikjeda og lite bruk av kjemikaliar er to av grunnane til at norsk ull no kan smykke seg med det offisielle, nordiske miljømerket.– Sauehald har lange tradisjonar her i landet, og vi er stolte av at vårt langsiktige arbeid med kvalitet og miljø no gir oss svanemerkt ull. Den norske bonden har ein måte å drive sauehald på som er heilt unik og som vi alle kan vere stolte av, seier Tony Barman, som leier ullavdelinga i Norilia, i ei pressemelding.– Vi ser på dette som eit viktig gjennomslag på tekstilmarknaden, seier Anita Winsnes, direktør i Miljømerking, som forvaltar Svanemerket i Noreg.– No håpar vi norske produsentar nyttar sjansen slik at vi snart får både svanemerkt strikkegarn og møbelstoff i butikkane, legg ho til. (©NPK)