I går dundra den såkalla Påskefonna ned mot bebyggelsen under Årheimsfjellet i Stryn. Eit flott syn, men ikkje av dei største denne gongen.

- Denne fonna har gått i fleire små "deler" i år. For fire veker sidan gjekk til dømes ein del. Og det er like greitt, for då går ikkje all skogen. Påskefonna er ikkje så veldig stor, men på det verste kan ho i alle fall fylle opp heile jølet ved Berge Plastfabrikk og ta med seg all skogen, seier Astrid Randi Bø Hunvik, ein av dei som er godt kjend med fonnene på Årheimssida, ettersom ho er oppvaksen og busett i Bø og har fått oppleve fonnvinden på nært hald i heile oppveksten.

Påskefonna, ein mindre variant som gjekk for fire veker sidan.

- Er det slutt på rasa for i år?

- Det rasar no heile tida, natt og dag, men det er berre smått. Eg trur ikkje det kjem fleire store ras no, seier Astrid Randi Bø Hunvik.

Påskefonna i går.

Påskefonna er ei av fleire fonner på Årheimssida.

- Den største fonna går litt lenger inne, i retning mot Skjolden og Steinteigen. Eg veit ikkje om den har noko namn, seier Astrid Randi Bø Hunvik, som sjølv bur i Skjolden.

- Den fonna gjekk i 1968, og ein gong rundt 1990. Den gongen hugsar eg mannen min tykte det var så mørkt då han stod opp. Då viste det seg at vindauga var tjukkpakka av snø. Også veggen og bilen var dekka av snø.  Det er fonnvinden vi får, og det han fører med seg, seier Astrid Randi Bø Hunvik.

Astrid Randi Bø Hunvik.

Denne fonna gjekk også ein gong rundt 1999, seier ho:

- Det var nok det mest dramatiske. Alle tre bonra våre var ute og leika. Eg sto med støvsugaren og høyrde ingen ting, men fonna kom, all skogen fòr og kvistar og barnåler fauk. Veggane vart heilt dekka av snø. Naboen såg ungane og var ute og ropte "legg dokke i le, legg dokke i le"! For dei som var ute var det berre to alternativ, springe eller finne noko å kome seg i le bak, seier Astrid Randi Bø Hunvik.