I natt var det ein ny hjortepåkøyrsel i vårt distrikt, ikkje langt frå Mindresunde. Viltnemda vart varsla om påkøyrselen. Uavhengig av dette har ein bilist kontakta Fjordingen der han åtvarar mot hjort i vegbana.

- Rundt midnatt, natt til måndag måtte eg stoppe to gonger for fleire dyr på strekninga frå Meland og ned til Kyrkjeeide. Då passerte det også bilar der sjåføren tydeleg ikkje såg dyra, seier innringaren.