Regjeringa har løyvd 37 millionar kroner av spelemidlane til Sogn og Fjordane. Det er om lag ni millionar meir enn i 2014, opplyser fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad. Spelemidlane skal gå til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i heile fylket.

– Dette er svært gledeleg for idretten i fylket. Det gode resultatet kjem av systematisk arbeid med kvalitetssikring av søknadane. Fylkeskommunen har dei siste åra samarbeidd med idretten, lokale lag og organisasjonar og kommunar for å få fram gode søknader til ordninga, seier Erikstad i ei pressemelding.

Det er i år søkt om spelemidlar for omlag 160 millionar kroner i fylket. Også talet på søknadar aukar, i år er det kome inn 246 søknadar, mot 189 i fjor.

– Det er spesielt gledeleg å sjå at både kommunar og frivillig sektor prioriterer både nærmiljøanlegg og rehabilitering av anlegg framfor å byggje nytt, seier fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad.

Eit døme på dette er rehabilitering av idrettshallar, skyteanlegg og klubbhus og utskifting av kunstgras i ballbingar.

For nærmiljøanlegg, det vil seie anlegg for eigenorganisert aktivitet, er talet på søknadar dobla frå i fjor.

– Det er fleire anlegg for tennis, basket, sykkel-løyper og sandhandball. Det er òg nytt at vi har fått inn søknadar til utandørs handballbaner, noko vi ikkje har i fylket frå før, seier Erikstad.

Ho fortel at rehabilitering og å legge til rette for meir eigenorganisert aktivitet er viktige moment i den regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

– Dette syner att i søknadsauken. Også anlegg for friluftsliv som turvegar, stiar, løyper, dagsturhytter, kart og sanitæranlegg har hatt ein betydeleg auke i søknader, seier Erikstad.

Hovudutval for kultur fordelar midlane i møte 2. juni.