For Vibeke Rand (28) frå Randabygda har bilda frå jordskjelvråka Nepal gjort svært sterkt inntrykk. Ho var sjølv nyleg i Nepal i eit utvekslingsprosjekt for sosialarbeidarar, og seier ho fryktar at naturkatastrofa har gått aller verst ut over dei mest sårbare.

- Då eg var i Nepal, snakka dei om at det var varsla at det kunne kome eit stort jordskjelv, men dei visste ikkje når. Det har også nyleg vore ein stor konferanse i Kathmandu der jordskjelvekspertar var samla for å finne ut korleis landet best kunne førebu seg på eit stort skjelv. Men det er eit fattig land, og dei har hatt svært små ressursar til å gjere sikringstiltak, seier ho.

Menneskehandel, gatebarn og hiv/aids

Vibeke besøkte gjennom sosialarbeidarprosjektet  fleire organisasjonar som arbeidde for kvinner og barn.

- Eg besøkte ein organisasjon som jobba for kvinner utsett for menneskehandel, ein som jobba for kvinner med hiv/aids og ein organisasjon for gatebarn i Kathmandu. Korleis det er gått med desse, veit eg ikkje. Men eg er redd det er som ved mange naturkatastrofer, at det er dei aller mest sårbare gruppene som vert hardast råka, seier ho.

Sosialarbeid: Vibeke Rand var sist i Nepal som ein del av eit utvekslingsprogram for sosialarbeidarar. Her er ho hos organisasjonen Shakti Samua, som jobbar for kvinner utsett for menneskehandel. Foto: Privat

- Under det første besøket mitt  i Nepal i 2011 var eg også innom mange avsidesliggande landsbyar som ofte manglar helsevesen og hjelpeapparat, og der det vil ta lang tid før hjelpa når fram. Korleis situasjonen er i ein del av desse områda tør eg nesten ikkje tenke på, seier ho.

- Det gjekk ei stund før det byrja å kome bilde frå landsbygda, og det var ille å sjå. Det er jo heilt øydelagt, og samstundes veit ein at det vil ta lang tid før hjelpa kjem fram dit….

Kaotisk og uoversiktleg

Vibeke seier det har gjort sterkt inntrykk å sjå bilda frå landet ho har blitt så glad i.

- Eg kjenner meg att fleire av stadene som har vore avbilda. Til dømes Patan Durbar Square, som vi budde like ved i ein periode, seier ho.

Verdsarvplassen ligg no i ruinar.

- Kathmandu kan i beste fall beskrivast som ei by med kaos til vanleg - trange gater, mykje trafikk og gamle og nye bygningar om ein annan. Eg skjønar godt at det er fullstendig kaotisk og uoversiktleg no, seier Vibeke.

Slik det såg ut før: - Dette bildet tok eg av Patan Durbar Square, som vi budde like ved i ein periode. Alt dette ligg no i ruinar, seier Vibeke Rand. Foto: Vibeke Rand

- Og mest av alt tenkjer eg på menneska der. Eg har blitt glad i både landet og folket.

Vibeke vart difor svært letta då ho kveld fekk kontakt med vertsfamilien ho budde hos sist ho var der.

I gode tider: Vibeke Rand saman med vertsfamilien, sin "hostfamily", i Nepal for nokre månadar sidan. - Eg fekk kontakt med dei på laurdag, dei har greidd seg bra, seier ho. Foto: Privat

- Dei hadde det då etter forholda bra, men sat utandørs av frykt for at fleire bygningar rundt dei skal kollapse. Via bekjente har eg også fått vite at fleire eg vart kjent med er i god behald. Etter dette har eg ikkje høyrt meir, men håpar det berre tyder at dei er utan nett og straum, seier ho.

Sove ute: - Dette er eit bilde som vertsfamilien min i Nepal har teke denne veka, med huset deira i bakgrunnen. Dei har greidd seg bra, men førebudde seg på å overnatte ute under open himmel, seier Vibeke Rand. Foto: Privat

Gjere noko sjølv

Skjebna til folket i Nepal har oppteke henne sterkt så å seie heile døgnet sidan dei første bilda frå jordskjelvkatastroa byrja å kome.  Behovet for å kunne gjere noko sjølv, er sterkt.

- I første omgang vil eg oppmode folk om å gje bistand til hjelpeorganisasjonane som har erfaring med denne type katastrofer, seier Vibeke.

- Det viktige framover er at verda bidrar til at dette landet, som er blant dei fattigaste i Asia, får hjelp til å takle denne katastrofa. Først redde liv og få ut nødvendig førstehjelp. Så vert det viktig med reint vatn, helsehjelp og oppbygging.

Vibeke seier dei fleste i Kathmandu er avhengig av å få vatn levert i store tankar, men sjølv det må kokast og rensast før det kan drikkast.

- Heldigvis er folk i Nepal vande til å klare seg utan straum. Dei fleste har aggregat og gass, og dei er vande til å spare på vatn på ein heilt anna måte enn vi i Vesten er. Men det er eit fattig land med dårleg utbygt hjelpeapparat til dei som treng det aller mest. Det er eit hardt prøva folk som no treng vår hjelp,  seier Vibeke Rand.