Folk i indre Nordfjord er dei siste dagane blitt oppringde frå eit telefonnummer i Somalia. I fjor var det mediaoppslag om at slike oppringingar kunne representere svindel.

– Det er temmeleg krevjande å etterforske slike saker. Mitt beste råd for å unngå eventuelle problem er å la vere å svare eller ringe tilbake, seier lensmann Lasse Trosdahl.

Tidlegare medieoppslag rundt telefonanrop frå ukjende personar med somalisk telefonnummer viser at folk har blitt belasta for store telefonutgifter eller blitt svindla. Alle telefonanrop som visast med +252 i starten, kjem frå eit somalisk nummer.