Folk i Sogn og Fjordane er framleis dei sprekaste i landet, men forspranget minkar.Ingen er så fysisk aktive som folk i fjordfylket. Dei lever lenger, og færre av dei blir råka av hjarte- og karsjukdommar enn folk i andre delar av landet.Men det går den vegen høna sparkar, ifølgje ein studie som doktorgradsstipendiat Ane Kristiansen Solbraa ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har gjort. Av den går det fram at prosentdelen av feite og overvektige stig sakte, men sikkert. I 2010 var han på 44 prosent for kvinner og 56 prosent for menn, mot 35 prosent for kvinner og 41 prosent for menn i 1975.

– Vekta har auka jamt og trutt sidan 1975. Trenden har vore mindre ugunstig enn i landet elles, men no er halvparten av oss overvektige eller feite, akkurat som i resten av Noreg, seier Solbraa til nettavisa Forskning.no.Likevel er det fleire i fylket som held seg i form enn i resten av landet. Av førti- og femtiåringane oppfylte 44 prosent tilrådingane frå styresmaktene om fysisk aktivitet i 2010, mot berre 29 prosent i landet elles. (©NPK)