- Dette er eit løp, eit aktivitetsarrangement, for folk med rullestol, rullator eller stav, seier Norunn Helene Holmøy-Wang, aktivitør på dagsenteret ved Hornindal Omsorgssenter.

Løpet skal, som namnet tilseier, føregå i Sansehagen ved omsorgssenteret. Her vert det fleire klassar, idealtider og premiering.

- Korleis dukka denne ideen opp?

- Det var ein dag det var eit arrangement på Huset Vårt, der alle rullatorane stod "opplina" så fint på utsida. Då dukka det opp ein idé om at vi skulle hatt eit rullatorløp. Eg hadde høyrt om slike løp tidlegare, seier aktivitøren.

- Tanken er at dette skal vere kjekt. At deltakarane skal få mosjoj og litt variasjon i kvardagen. Og så er det ein fin måte å bruke Sansehagen på.

- Er det ope for andre enn dei som er heimehøyrande i kommunen?

- Vi har ikkje sett nokon avgrensingar, så det er kjekt viss andre kjem òg. Kanskje vi på sikt kan få til at ein besøkjer kvarandre for å delta på slike arrangement?

Positivt at dei finn på slikt

- Det er positivt at dei finn på litt slikt, seier Olav Engelund, ein av brukarane på omsorgssenteret. Han er ute og tek løypa nærare i augesyn saman med aktivitør Norunn Helene.

- Du er klar for å vere med på løpet i morgon?

- Vi får no sjå....! seier 85-åringen lurt, før han held fram:

- Nei, eg stiller på. Det er klart det. Ein må no vere med!

Ei hand å halde i

Frislivssentralen og kommunefysioterapeuten er medarrangør saman med Hornindal Omsorgssenter, og det same er Hornindal Frivilligsentral.

- Då eg høyrde dei snakka om rullatorløp, blanda eg meg inn og fekk lov å veremed på planlegginga, seier Ola Bergset Ulvedal, dagleg leiar for frivilligsentralen.

Sansehagen rundt er ope for alle over 70 og består av eisirkelløype i sansehagen ved omsorgssenteret i Hornindal. Kvar deltakar skal gå runden to gongar. Runden er anslagsvis rundt 30 m, med ei stigning på 0,2 høgdemeter. Alle deltakarar vil få startnummer, og dei som vil ha ei hand å halde i vil få det, seier Ola Bergset Ulvedal.

Norunn Helene Holmøy-Wang og Olav Engelund studerer løypa for "Sansehagen rundt". Foto: Gunnhild Sindre

Vandrepremiar

Det vil verte praktisert ei form for idealtid, og det vil vere drikkestasjon.

-  Vi har fire klassar: 1. Til fots (med ellerutan stokk/krykker) 2. Rullator 3. Manuell rullestol 4. Elektriskrullestol, fortel Norunn Helene Holmøy-Wang.

- Vinnaren av kvar klasse vinn boka om Hornindal Idrettslag1910-2010, skriven av Paul O. Tomasgard. Der er også vandrepremiar som vil verte hengte opp på omsorgssenteret. Dette er trefat gjeve i gåve av Arve og Marit Espe, dreia av Arve og dekorerte av Marit, fortel arrangørane.