Søndag ettermiddag fekk Anders Straumshamn årets første laks i Oldenelva. Eit flott eksemplar av ein ho på ca 8 kilo. I dag landa same mann endå ein laks på 9-10 kilo. Også denne vart sett ut att i elva.

- Med tanke på kultivering og bevaring av villaksstammen  er det viktig at spesielt holaksen får leve vidare, seier Anders Straumshamn og viser til at ein holaks har mellom 8.000 og 10.000 rogn.

Sesongstarten i Oldenelva har vore heilt spesiell dette året. Ingen nolevande kan minnast så lita og blank elv midtsommarstid. Men med varmen kom også sjansen for å få fisk. Og først ute var Anders Straumshamn som søndag fiska på Kringleira i nederste delen av elva.

- Eg fekk laksen på fluge. Og det vart ein spennande kamp som pågjekk i 15-20 minutt, fortel mannen som saman med kameratar har fiska i Oldenelva kvart år sidan 2007.

I fjor landa Anders Straumshamn ein hannlaks på 17,5 kilo i Oldenelva. Også den vart sett ut att.

- Er det ikkje ein nedtur å fiske laks som ikkje kjem på tallerkenen?

- Nei, lidenskapen for meg og andre sportsfiskarar er når du får laksen på kroken. Og det er ingen laks som gyt i frysaren, sluttar Anders Straumshamn.