Laila Garlid frå Stryn har av Vagstadbygget AS i Innvik fått i oppdrag å dekorere murfasaden. To av dei tre måleria er nesten ferdige. Motiv nummer 1 er måla frå eit måleri frå 1911 av Innvikbygda. Motiv nummer 2 er det gamle Sydnesskrysset, som det var fram mot byrjinga av 70-talet. Motiv nummer 3 er eit kafemotiv til kafeen i Vagstadbygget.Det var brørne Lars Åge og Steinar Hilde som kontakta Laila, og ville høyre om ho var interessert i å ta på seg oppdraget.Murfasden langs Vagstadbygget har lenge stått tom utan noko form for dekor eller bilete. - Den er rett og slett kjedeleg, fortel Garlid, og legg til at ho er svært takksam for å ha blitt spurt.Garlid håpar at ho gjennom måleria sine kan få dratt fleire folk, samt turistar, innover til Innvik. - Kafeen på hjørne treng kundar, og difor håpar eg måleri også vil kunne hjelpe til litt der.

- Eg har fått god hjelp gjennom mitt arbeid frå Steinar Hilde, fortel Garlid, som seier han har stått for val av motiv. Hilde som er dagleg leiar for Filmdigitalisering AS har følgd godt med på korleis framgongen har gått fram til no.

Som aktiv hobbykunstnar trivst ho godt med jobben sin, og seier den gir både avslapping, samt ro og fred.På Facebook legg ho ofte ut sine verk. Mange kommenterarar kjem inn nesten kvar dag, noko som tyder på at folk likar det ho gjer.  - Å gå i frå akvarell måling til å måle med airbrush tykkjer eg var eit godt val, avsluttar kunstaren.

Måleri av Sydnesskrysset frå byrjinga av 70-talet.