Tommy Haga vann Hornindal Rundt

Ein sliten Tommy Haga etter å ha fullført Hornindal Rundt.

New Articles

Det vart ein suveren siger til Sandnes-guten Tommy Haga under dagens utgåve av Hornindal Rundt.

Han brukte 9 timar, 57 minutt og 40 sekund på dei 75 kilometrane.

Eitt drygt kvarter etter kom Malene Blikken Haukøy i mål. Ho løp på tida 10.44.43 og vart dermed nummer to totalt og vinnar i dameklassa.

2. plassen i herreklassa gjekk til Kjetil Myklebust, med tida 10.45.32 og 3. plassen gjekk til Dennis Roozendaal, med tida 10.52.29.