Den 57 år gamle ribbåt-føraren som ramla i vatnet saman med to av passasjerane sine onsdag er erklært omkomen. Det stadfestar Kai Myklebust, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

- Eg kan stadfeste at båtføraren vart erklært død av lege kl. 13.04 i dag, torsdag. Namnet på den omkomne vil bli frigjort etter kvart, seier Myklebust.

Pårørande er varsla om dødsfallet og var også til stades ved Førde sentralsjukehus i dag.

Det kommunale kriseteamet i Stryn har bistått både pårørande, tilsette i Briksdal Adventure og andre som fekk ulukka tett inn på livet. Kriseteamet var i arbeid i går og har også stilt opp i Olden i kveld i samband med at føraren vart erklært død.

Politibetjent Tor Egedahl opplyser at Sjøfartsdirektoratet har vore i Olden i dag for å sjå på ribbåten som vart brukt då ulukka skjedde. Politiet var med i samband med dei tekniske undersøkingane.

- Det kjem ein rapport i ettertid, men eg kan stadfeste at det tekniske ved båten såg bra ut, seier Egedahl.

Ulukka i Olden har sett eit sterkt preg på Olden, Stryn og cruisenæringa, og går hardt inn på både pårørande og alle som er involverte i verksemda rundt cruisekaia i Olden.