Storslagen mottaking då Haugen kom i mål

Inge Asbjørn Haugen fekk ein storslagen mottaking då han sprang i mål på sitt 500. maratonløp.Foto: Stig Høynes

New Articles

Inge Asbjørn Haugen fullførte i dag sitt maraton nummer 500.

Då han kom i mål etter å ha sprunge Hornindalsvatnet maraton, stod korpset klart for å spele for han.

Laurdag kveld var det bankett på Raftevolds hotell, for å feire og markere Haugen sitt 500. maratonløp.

Startskotet for Hornindalsvatnet maraton gjekk klokka kl. 11.00 laurdag og sistemann kom i mål etter vel seks timar.

- Det har gått veldig bra. Vi hadde 169 deltakarar på startlinja. Løparane var godt nøgde og det har vore fint vêr. Det gjekk glatt å vere arrangør i dag, seier Irene Lødelmel, leiar i friidrettsgruppa i Hornindal.