Fredag er det klart for opning av Kamperhamrane som ein av åtte historiske vandreruter her til lands. I 2012 valde Den norske Turistforening (DNT) og Riksantikvaren den gamle driftevegen over Kamperhamrane som start på det nasjonale prosjektet «Historiske vandreruter».

Frå eldgamle tider har det vore ferdsle over fjellet mellom Oppstryn og Skjåk. Ferdsla med folk, dyr og varer gjekk frå Sunndalen i Oppstryn, over vasskiljet i Kamperhamrane og gjennom Raudalen til Skjåk på austsida av fjellet. I Kamperhamrane, området som har gitt namn til den historiske ruta, vart det på byrjinga av 1800-talet mura inn fleire hundre trinn i steinura for å gjere det lettare for folk med kløvhestar og kyr.

I 2013 vart det sett i gang eit stort arbeid med å restaurere den historiske vegen. Vatn og is hadde i løpet av åra øydelagt mykje av stien, ikkje minst steintrinna som låg hulter til bulter. No er ferdselsvegen rusta opp slik at dei som går han kan tenkje seg tilbake til gamle tider då dette var hovudvegen mellom Nordvestlandet og Skjåk.

Naturen her er storslått og Kamperhamrane er staden der naturen endrar karakter frå slake og vide fjellområde i aust til eit betydeleg meir dramatisk vestlands-terreng. Allereie frå tidleg på 1700-talet var det opptil to meter brei ferdsleveg gjennom dette fjellområdet. I seg sjølv imponerande.

Det er svært positivt at både DNT, riksantikvaren og andre aktørar har gått saman om opprusting og ikkje minst fokus på Kamperhamrane som historisk rute. Eit stort arbeid og engasjement ligg bak når Kamperhamrane vert offisielt opna fredag. Ved å merke og gje ruta status som nasjonal historisk vandrerute, har mange bidrege til at komande generasjonar får ta del i historia og forstå at samferdsle i gamle dagar var noko heilt anna enn i dag. Ein tur gjennom Kamperhamrane gir påfyll av historie og naturopplevingar.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør