Sølvguttene kjem til Nedstryn kyrkje 11. august.

NRK sitt gutekor fyller i år 75 år, og legg på ettersommaren og hausten ut på to jubileumsturar: Den eine til Mørekysten og Sogn og Fjordane, den andre til Washington, Philadelphia og New York.

Koret, som er ein institusjon i norsk musikkliv og for mange til dømes inngangen på sjølve julefeiringa, vart stifta av den legendariske dirigenten Torstein Grythe i 1940. Han dirigerte koret i imponerande 64 år, før Fredrik Otterstad tok over dirigentstokken

Sølvguttene har motteke ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar, mellom anna for beste ungdomskor i EBU (den europeiske kringkastingsunionen) sin internasjonale korkonkurranse.

I jubileumskonsertane lovar koret kjende og kjære perler frå korlitteratiuren, frå Mozarts Ave Verum Corpus og Händels Hallelujah til salmar, folketonar og Prøysen-stoff.

Sølvguttene framførte ofte Alf Prøysen sine viser i Barnetimen for de minste på NRK, og dei spelte også inn ei plate med Prøysenviser.

Jubileumsturneen på Nord-Vestlandet inneheld konsertar 10 stadar, startar i Selje og vert avslutta i Øvre Årdal.

Til Nedstryn kyrkje kjem koret 11. august.

Enkelte stader vil lokale barn og unge delta, mellom andre Førde guttekor i Førde og Annika Beinnes i Høyanger.