Nordfjord Havfiskeklubb har vore på langtur etter stor fisk. I Tromsø, som klubben sjølv kallar «kveiteparadiset», fekk dei sju medlemene som reiste nordover til saman 22 kveiter av ulik storleik.

- Fleire av oss fekk personlege rekordar ettersom fleire av kveitene vi landa var over 30 kilo, fortel Kato Andre Bøe som er kasserar i havfiske

Kato Andre Bøe t.v. og Andre Rake kroker kveite. Foto: May Liza Johansen

klubben.

Dei sju fiskarane var på havet i åtte dagar før dei starta på hjemturen.

- Vi sette dei fleste fiskane ut att, men noko vart med heim som matfisk, fortel Bøe.

Som legg til at kveitefiske er eit tøft fiske fordi kveita aldri gir seg. Når dei i tillegg kan bli svært tunge, kan det ta lang tid få ein får fisken på kroken til han er landa i båten.

Ein glad gjeng på kveitefiske. Frå venstre Kato Andre Bøe, Børre Taklo, May Liza Johansen og Geir F. Fredriksen. Foto: Stine Åsebø

Børre Taklo, Geir Harald Fredriksen, Sissel Johansen, Stine Åsebø, Andre Rake, May Liza Johansen og Kato Andre Bøe var med på turen nordover. Dei ser allereie fram til neste års kveitefiske.