Fredag er det duka for offisiell opning av den nyrestaurerte ferdslevegen over Kamperhamrane.

Då kjem DNT-sjefen sjølv, Nils Øveraas, til å stå for opninga. Det gjer han i lag med Jostein Løvdal, som representerer Riksantikvaren.

Dette skjer på Sunndalssetra fredag klokka 16.00.

Det blir taler, musikkinnslag ved Arne Sølvberg og enkel servering, ifølgje Anne Mari Aamelfot Hjelle i DNT.

- Om ein vil vere med å gå turen opp til Kamperhamrane før opninga på Sunndalssetra, så er det berre å møte opp klokka 10 på parkeringsplassen ved Sunndalen gard. DNT stiller med turleiarar og her er det plass til alle, seier Hjelle.

Stien over Kamperhamrane er ein av åtte stiar som Den Norske Turistforening og Riksantikvaren har rusta opp gjennom prosjektet «historiske vandreruter».

– Det er fantastisk korleis fokuset har blitt på denne stien. Slik eg har opplevd det har det eigentleg vore ei gløymd rute. Eg trur dette vil opne opp eit nytt turområde for mange menneske, seier Hjelle.