Det er klart for Blink-festivalen igjen, med beinhard motbakkeklatring på rulleski først på programmet.

Lysebotn Opp byr på 7,5 km motbakkerenn for seniorklassane.

Av lokale deltakarar er Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø, Markane IL å finne på startlista, saman med Isak Flo Bødal frå Stårheim IL.

Det er ikkje berre bøarane som får ein brødreduell under årets Lysebotn Opp.

Det blir nok litt melkesyre å kjenne på opp gjennom desse svingane torsdag! Foto: Blikfestivalen på FB

På startlista står også Petter, Tomas og Even Northug, saman med ei rekkje andre profilerte langrennsløparar og skiskyttarar.

Lysebotn Opp går torsdag, før festivalen flyttar seg til Sandnes med rulleskirenn og rulleskiskyting.

Det blir nok litt melkesyre å kjenne på opp gjennom desse svingane torsdag! Foto: Blikfestivalen på FB