Landslagstrenar Alexander Stöckl sender sine beste hopparar til årets hoppopning i Polen, skriv Norges Skiforbund i ei pressemelding.

I alt sju hopparar, mellom dei Anders Fannemel frå Hornindal, er på plass i polske Wisla, der det er kvalifisering torsdag, lagkonkurranse fredag kveld og individuelt storbakkerenn laudag kveld.Hopplandslaget har også lagt inn samling i samband med renna. Dermed er dei norske hopparane godt i gang med førebuingane i Wisla.

- Vi er klare til ein ny sesong og gler oss veldig. Vi er på plass tidlegare i Polen for å kome oss i gang og for å lære bakken å kjenne. Det blir spennende å sjå kvaa vi kan klare å prestere. Det er alltid spenning rundt ein sesongstart, sier Alexander Stöckl.

I tillegg til elitelaget er også Daniel-André Tande og Joachim Hauer uttekne til renna i Wisla.  til rennene i Wisla.

Det norske laget ser dermed slik ut:

Daniel-André Tande Kongsberg ILJoachim Hauer, Bækkelagets SKJohan Forfang, Tromsø SKAnders Fannemel, Hornindal ILKenneth Gangnes, IL KolbukamerateneRune Velta, Lommedalen ILPhillip Sjøen, Bækkelagets SK