Dagny Sæten (21) frå Loen seier ho har mange kjekke barndomsminner i frå somrane opp gjennom tida.Kva er årets ferieplanar?- Eg har få ferieplanar i år, sidan eg skal få jobbet ein del før skulestart. Dersom eg får tid, tar eg meg gjerne ein tur til varmare strøk. Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?- Enkelt å greitt er ein perfekt sommar for meg; sol og varme, vere saman med dei ein er glad i, trening og få vert på sandstrand. Ein kan og leggje til litt reising.

Kva et du helst på denne tida av året? - Når sommarvéret først visar seg inne i Loen, er grillmat, og is til dessert ikkje feil.  Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Eg tykkjer det er mykje som ein kan vise sommargjestane i vakre Nordfjord. Eit av dei er Lodalen, som etter mitt syn er heilt fantastisk på denne årstida. Via Ferrata er og verdt å besøkje, og hadde nok gjett turistane ein spennande oppleving som eg trur dei vil hugse godt.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Eg har mange kjekke barndomsminner i frå somrane, og det er nesten umogleg å velje berre eit! Noko av det kjekkaset eg visste når eg var mindre var å reise bort på fotballbana i Loen, i steikande sol for å sparke fotball saman med venane mine. Det var kvardagslykke spør du meg!