Sjøfartsdirektoratet sitt tilsynskontor i Florø har no lagt fram ein rapport etter inspeksjon i samband med  RIB-ulukka i Olden, der føraren av ein RIB-båt tilhøyrande Briksdal Adventure  omkom.

Av rapporten går det fram at føraren av båten ikkje var iført nokon form for flyteutstyr. Passasjerane var iført to forskjellige typar heildekkjande flytedrakter. Den eine typen tilfredsstiller kravet om termisk beskyttelse, medan den andre ikkje tilfredsstiller desse krava.

I følgje rapporten er det enno ikkje noko som gjev eit klart svar på kva som var årsaken til ulukka, men det vert vist til at reiaren antek at fartøyet har lege i ein sving i ca 30 knop og treft ei bølge frå eit anna fartøy, noko som kan ha ført til kraftig stopp, slik at personar som ikkje heldt seg fast kunne bli kasta over bord.

Inspektørane frå direktoratet skriv vidare at etter inspeksjonen kan mykje tyde på at brot på paragraf 13 - 2 (krav om heildekkjande flytedrakt) er «den direkte årsaka til at dette vart ei dødsulukke framfor ei uønska hending utan personskade.»

Det framgår elles av rapporten at det var andre manglar når det gjaldt utstyr, m.a. mangla det fastmontert kompass eigna for fartøyet si hastigheit, fallskjermlys og handbluss. Fartøyet hadde redningsnett i «heim-

elaga versjon», i følgje rapporten.

Det mangla også noko dokumentasjon under inspeksjonen, men desse manglane kan bli retta opp i ettertid ved ettersending av nødvendig dokumentasjon, går det fram av rapporten.