Dødstala i trafikken går ned. Første halvår 2015 miste 53 menneske livet i trafikken. Det er 22  færre enn på same tidspunkt i fjor, viser førebelse tal frå Statens vegvesen.

Ein person som vert drepen i trafikken er ein for mykje. Likevel går utviklinga i rett retning. Medan dødstala i trafikken låg på rundt 500 på 1980-talet, tilseier statistikken for årets første seks månader at ein nærmar seg eit dødstal på 100.

Vegvesenet er klar på årssakssamanheng: Stadig fleire held fartsgrensa og køyrer etter forholda. Det er i seg sjølv beste garanti for å unngå ulukker. Ein svært viktig årsak er utbygging av betre og sikrare vegar, og ikkje minst sikrare bilar.

Utbygging av motorvegar på dei mest trafikerte strekningane på austlandet har ført til betydeleg nedgang i tal ulukker både på E18 og E6. Det viser at vegar med fire køyrefelt og med midtdelarar er betydeleg meir trafikksikre enn to-feltsvegar. Romlefelt mellom køyrefelta er og viktige verkemiddel på dei vegane som ikkje har midtdelarar.

12 motorsyklistar miste livet i trafikken i perioden april til juni. Totalt tal omkomne i denne perioden var 29. Andelen motorsyklistar er dermed stor. Fart og køyreåtferd er endå viktigare for ein tohjuling enn for ein bilist. Samtidig må ein MC-førar i endå større grad stole på at medtrafikantane ikkje gjer noko gale. Fleire ulukker der MC er involvert skjer fordi bilisten ikkje har sett motorsyklisten. I tillegg til å køyre defensivt, kan ein motorsyklist sikre seg sjølv ekstra ved å køyre med gul vest utanpå køyrejakke. Med slikt utstyr vil ein vere betydeleg meir synleg for medtrafikantane.

Arbeidet for auka trafikksikkerheit har høg prioritet politisk og sjølvsagt i Statens vegvesen. Med auka trafikk er trygge vegar avgjerande viktig for å kunne redusere ulukkestala ytterlegare. Mange heiar fram regjeringa i satsinga på nye vegar - for eit sikrare og meir effektivt vegnett.

Bengt Flaten

Ansvarleg redaktør