For Hanne Sofie Staalnacke (22) vert sommaren brukt til jobbferie inne på Moods-butikken heime i bygda. Kva er årets ferieplanar?– For meg vert det jobbferie heime i Stryn. Til hausten har eg planar om å reise til Japan og Sør-Amerika. Kva land det vert i Sør-Amerika har eg ikkje bestemt ennå.

Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?– At ingen klagar over vêret. Det har det rett og slett vore for mykje av i det siste. Ein bør heller verdsetje at ein har sommarferie og fri, fortel Staalnacke. Kva et du helst på denne tida av året? – Alt som er heimelaga.

Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? – Eg ville tatt dei med heim til Tingvoll, og deretter ta det derifrå.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?– Det må vere når alle søskena mine er komne heim, og at det vert lagd badeland ute i hagen. Elles minnast eg bursdagsfeiringane som eg har hatt opp gjennom åra, og kor bra dei har vore.