Helge Hafsås frå Olden vann i går sin 172. maratonsiger, og det i temmeleg høge temperaturar, opplyser Kondis.no.

For deltakarane i Nordverst Maraton på Hareid vart det naturleg nok ei varm oppleving med dei temperaturane vi har for tida. Godt over 20 grader var det under løpet, men litt vind og noko skydekke innimellom gav positive pusterom for løparane, opplyser arrangørane.